Om Vidar
Eg har bakgrunn som designar i lokalavisa Kvinnheringen, der eg etter 12 fantastiske år tok valet om å slutte i jobben for å satse på ei meir digital framtid. Første steget på den nye vegen vart difor studiet «Frontend-utvikling».
Samarbeidet med den dyktige redaksjonen i Kvinnheringen gav grobotn for kreativitet og utvikling eg berre kunne drøyma om – noko som resulterte i at me vann prisar i fleire konkurransar hos mellom andre: "European Newspaper Awards", "Society for News Design", "Mediebedriftene" og "Landslaget for Lokalaviser"
Eg har òg fått mykje erfaring med design og produksjon av anna grafisk materiell. Eksempel er:
- 📚 Magasin og bøker
- 📃 Prosjektrapportar
- 🍻 Etikettar
- 🎨 Logo og profilering
- 📸 Fotografering
Eg vaks opp på 90-talet på vestlandet, mellom fjord og fjell i idylliske Kvinnherad kommune.
Så lenge eg kan hugsa har eg vore glad både det visuelle og det tekniske. Helst i kombinasjon. Å seia at eg elskar «gadgets og duppedittar» er inga overdriving.
Eg håpar å kunne jobbe med – og utvikla meg – innan design og ny teknologi i resten av mitt yrkesaktive liv.
Eg bur saman med kjærasten min Mona, og dotter vår Elvira, som kom til verda hausten 2021. 👶🏻
Eg tar svært gjerne ein uforpliktande prat.