Oppgåva
Semesterprosjekt etter første semester.
Sentrale tema
Om prosjektet
Målet med denne oppgåva var å designe og utvikle ei website for eit fiktivt vitskapsmuseum. Dette inkluderte mellom anna:
- Å planlegge prosjektet
- Undersøke og forstå kunden og målgruppa
- Skissere ut idéar på papir
- Utvikle prototype med fargeval, fontar og løysingar til layout
- Utvikle ei responsiv webside med bruka av HTML og CSS utan hjelp av rammeverk
- Testing av sida
- Dokumentasjon av prosessen
Sida måtte vere responsiv og sjå bra ut på alle flater.
Prosjektet skal reflektere min kreative og tekniske kunnskap basert på dei faga me hadde under første semester av Frontend-utvikling på Noroff. Dette inkluderer design-prinsipp, prosjekt-planlegging, kommunikasjonsteknologi og utvikling med bruk av HTML og CSS.
Arbeid med layout og design startar alltid her i skisseboka, med plyant og viskelær.
Under idéfasen laga eg til eit kart over nettsida med ulike idéar til korleis ein kunne dele inn innhaldet.
Ulike idéar var skisserte på rutepapir.
Skisse av layout på desktop.
Skisse av layout til mobiltelefonar.
Nettsida blei designa for ei nysgjerrig målgruppe med interesse for vitskap og teknologi. Både kunnskapsøkjande unge og lærarar stod i fokus. Nettisa skal ikkje følast gammaldags, og oppnår dette ved bruk av tidlaus luftig design og enkle farge-palettar og skrifter Noko eg såg på som svært viktig i ei tid kor ei av hovudmåla til sida er å promotere det å lære om teknologi og vitskap.
Eg valde at sida skulle ha ein luftig layout der store flotte bilder kom i fokus.
Stadig fleire besøker nettsider frå telefon og nettbrett, og opplevinga for brukaren må difor god der òg.
Oppgåva samla alt eg hadde lært gjennom det første semesteret, og var svært givande og lærerik. Det var alt i alt ei krevjande, men kjekk oppgåve som utfordra meg det som for meg var nye CSS-teknikkar.
Eg føler eg fekk laga eit så godt produkt som eg kunne på den tida, men som perfeksjonist finn eg alltid i etterid noko eg kunne har pirka lenge på. Men eg forstår òg kor viktig det er å levere eit funksjonelt produkt innan den tidsramma ein har. Polering kan komme i ettertid.