Oppgåva
Design av magasin og aviser for Kvinnheringen.
Sentrale tema
Om prosjektet
Då Kvinnheringen skulle gi ut Folk i Kvinnherad 2020 var det eg svært heldig som fekk det oppdraget. Eg har lang erfaring frå avis- og magasin-produksjon, og det har alltid vore noko eg har likt svært godt å jobba med.
Design av reportasjar på papir byr på unike utfordringar samanlikna med digital design, men det er framleis givande å fortelja gode historiar på papir òg.
Grunna den pågåande Covid-pandemien, vart alt samarbeid med redaksjonen gjort via telefon og epost. Dette fungerte godt og resultatet vart eit flott magasin som bugnar av gode historiar frå innbyggjarane i Kvinnherad, presentert i ein moderne og luftig layout med store flotter bilder.
Reportasjane får god plass og har ein luftig layout. Etter mi meining skal gode bilder alltid få plass til å skina.
Andre magasin og aviser
Eg har som sagt lang erfaring frå design og produksjon av aviser og magasin. Her kan du sjå eksempel på reportasjar eg har utforma: