Designar
& Frontend-utviklar

Liten og kreativ redaksjon på grave-oppdrag

Redaksjonell design og utvikling

I kamp for klima

Oppgåva

Første digitale historieforteljing i Kvinnheringen.

Sentrale tema

Redaksjonell designDigital historieforteljingHTMLCSSDrone-fotoSVG-animasjon

Om prosjektet

Redaksjonen i lokalavisa Kvinnheringen publiserte i 2019 ei stor gravesak om Folgefonnsenteret – eit forskningssenter i Rosendal i Kvinnherad. Eg fekk stå for designet av både papir-sidene til avisa, men òg for den digitale reportasjen.

Eg hadde null erfargin eller utdanning innan web-utvikling då eg satte i gang med dette prosjektet, men eg bugna over av motivasjon og lærevilje, då vi i Kvinnheringen aldri hadde hatt ei skikkeleg stor digital reportasje med eige design før.

Saka opnar med dronefilm framføre Folgefonnsenteret, med ein animert SVG-versjon av tittelen.

Det blei ei svært kjekk og lærerik oppleving som både eg og redaksjonen var stolte av å ha gjennomført med den begrensa kunnskapen vi i ei så lita lokalavis.

Ser eg tilbake på koden i dag, så kan eg ikkje anna enn å grøsse litt. Men slik må det berre vere, då dette er lenge sidan – og før eg hadde noko som helt utdanning innan web.

klima_rapport.jpg Gjennom reportasjen dukkar det opp utdrag frå rapportar og e-postar, desse viser eg til lesaren i form av rein tekst, men med rapporten/e-posten som eit visuelt bakteppe.

klima_menu.jpg Reportasjen var lang of bestod av heile ni kapittel. Lesaren kan difor nytta ein meny til å hoppe mellom dei ulike delane.

klima_sak.jpg Reportasjen er luftig, og gir plass til store bilder. Sitat som bryter ut av tekstblokka gir ei betre leseoppleving.

Sjå alle prosjekt