Oppgåva
Oppdrag for Landslaget for lokalaviser om design og produksjon av unik avis til bruk i marknadskampanje.
Sentrale tema
Om prosjektet
I samband med ei marknadsamling, ynskte Landslaget for Lokalaviser (LLA) å gi ut ei eige avis der bedrifter kunne lesa om verdien av å nytta lokalavisene som annonsørar.
Eg fekk oppdraget med å designa og produsera denne avisa.
Les marknadsavisa her(6.6mb pdf-fil)
Slik vart framsida til avisa sjåande ut. Eit bilde seier meir enn tusen ord, og difor er avisa sparsom på tekst, og gir plass til store bilder og luftig layout.
Eg stod fritt til å komma med idé til korleis innhaldet kunne presenterast, og eg fekk gjennomslag for idéen om å bruka lego-figurar i ein lettbeint setting for å få fram poenget i bodskapet.
Eg tok difor med meg lego-figurar i foto-studio og laga fleire montasjar av figurar i ulike situasjonar som eg seinare redigerte i Photoshop. Det blei òg tur opp i Kvinnherad-fjella, med lego-figurar og fotoutstyr i sekken.
Fleire av figurane held opp kvite plater, og på desse platene la eg – ved bruk av Photoshop – inn ulike «liksom-aviser» med saker og annonsar.
Eksempel på ein av desse lego-figur-montasjane.
Slik ser eit av oppslaga i avisa ut. Layouten er luftig…
…og bildene får god plass til å puste.
Lego-element kunne òg brukast til å presentera fakta.
Avisa vart laga til ei marknadsamling i Sunnhordland, og difor er sjølvsagt legofiguren på tur i Kvinnherad-fjella med Stord i bakgrunnen.
Dette var ei svært kjekk oppgåve å jobba med, då det er lite som slår det å kunne vere både kreativ og leiken på same stund. Kunden var òg ein fryd å jobba saman med, då LLA er ein organisasjon som alltid vil slå eit slag for kreativ tenking i ein bransje som stadig utviklar seg.