Designar
& Frontend-utviklar

Digital historieforteljing i lita lokalavis

Redaksjonell design og utvikling

Rondablikksoga

Oppgåva

Samarbeid med lokalavisa Dølen, om presentasjon av stor gravesak.

Sentrale tema

Redaksjonell designDigital historieforteljingHTMLCSSLayout

Om prosjektet

Redaksjonen i lokalavisa Dølen på Vinstra i Gudbrandsdalen publiserte i 2019 ei større gravesak om Rondablikk – høgfjellshotellet som over natta vart gjort om til akuttmottak for asylsøkjarar. Saka vann prisen for «årets lokale nyhetssak» under MBL si kåring i 2020.

Les sakene her (krev abo.)

Prosjektet er eit samarbeid mellom Dølen, NRK og Senter for undersøkjande journalistikk (SUJO), og Dølen bad meg om å designe både for nett og papir. Dette var akkurat då eg starta mine første studiedagar på Frontent-utvikling, og eg hadde difor svært begrensa kunnskap. Men gjennom å lese meg opp, og lære medan eg jobba, så vart resultatet tre store digitale reportasjar vi alle vart stolte av.

Eg støtte på nokre utfordringar grunna publiseringsystemet Dølen brukar, men det løyste seg lett ved hjelp av dyktige og hjelpsame folk i Polaris (som eig Dølen) sitt support-appart.

Det var ei sann ære og stor glede å få samarbeida med den dedikerte og dyktige gjengen frå Dølen og NRK. Eg er stolt av å ha fått vera med på det eventyret.

rondablikk_facts.jpg E-postar var sentrale i forteljinga, og eg valte difor å presentere dei tydleg visuelt for lesaren slik at viktige poeng ikkje forsvann i lange, tunge tekstblokker.

rondablikk_emails.jpg Alle sakene startar med ein faktaboks og innleiing til kva den overordna saka handlar om.

rondablikk_fire.jpg Den plutselege brannen i brakkeriggen ved hotellet fekk sjølvsagt god plass i artikkelserien. Video vart nytta i presentasjonen.

rondablikk_firetruck.jpg Del tre handlar om brannen i ein brakkerigg ved hotellet, og opninga er via ein video frå brannbilen som ankom staden.

rondablikk_hero.jpg Del ein opnar med ein dronevideo frå Rondablikk. Videoen spelar i bakgrunnen medan lesaren scrollar og blir presentert med temaet i saka.

rondablikk_video.jpg Tidlegare tilsett ved hotellet, Lars Domaas, var ei av kjeldene i saka. Det vart gjort video-intervju med han, og delar av dette interjuvet spelar i saka.

Sjå alle prosjekt