Designar
& Frontend-utviklar

Brygga lokalt – Designa lokalt

Design av grafisk profil og etikettar

Vaage Bryggeri

Oppgåva

Kundeoppdrag for lokalt bryggeri.

Sentrale tema

Grafisk designProfilguideLogo-designEtikettarKundekontaktPrøvesmaking

Om prosjektet

Design av logo, grafisk profil og etikettar til Vaage Bryggeri – eit loktal mikrobryggeri som held til på den idylliske staden Våge på Sunde – i hjarte av Sunnhordland.

Bryggeriet vert driven som eit lidenskapsprosjekt, og i sentrum vil varemerket symbolisera kvalitet, handverk, stolthet og eigarskap til produktet. Logoen eg designa speglar dette med bruk av enkle linjer og kraftfulle strok. Det moderne og elegante vikar for det tidlause og solide.

Som ein del av ein minimalistisk grafisk profil, var tanken at logoen skulle stå grunnstøtt og representera kvaliteten til ølet «Vaage» – som er brygga på kjærleik.

vaage_branding.jpg Bruk av mockups gir kunden ei oversikt over korleis logoen kan brukast, og korleis den vil sjå ut på fysiske objekt.

vaage_jacket_front.png Logoen gjer seg godt på brystet til ei jakke…

vaage_jacket_back.png …og på ryggen kan den verkeleg skine.

Vaage sitt øl er eit handtverksarbeid med kvalitet i fokus. Lokalt tilhøre er viktig for Vaage, og med bryggeriet si plassering i kystkulturbygda Sunde, ynskja eg å utvikla eit visuell profil basert på kraftfull typografisk design, som samstundes er minimalistisk, slik vi òg har definert Vaage sin grafiske profil. Der namnet på ølet føl ein lik profil og utsjånad for kva øl, og kor vi nyttar fargar til å definer skilnad og karakter.

vaage_4bottles.jpg Dei fire første ølsortane (frå venstre) Natt (porter), Humle (AIPA), Draum (APA) og Anode (Kölch).

vaage_instore.jpg Svært kjekt å sjå det ferdige produktet i butikkhyllene.

vaage_cap.png Logo på flaskekork er sjølvsagt på sin plass hos eit bryggeri.

vaage_logo_beer.jpg

Sjå alle prosjekt